Innleder – Tommy Walaunet

Navigering i krevende tider

Tommy Walaunet er administrerande direktør i Island Offshore Management AS, ein posisjon han har hatt sidan hausten 2019. Tommy er utdanna siviløkonom/AFA, og var i fleire år økonomisjef og viseadministrerande direktør i same rederi før han tok over leiarrolla.

Rederiet opererer ein flåte på 26 offshore spesialfartøy innan olje/gass og vind – ein bransje som stort sett har segla i motvind sidan 2014. Trass store utfordringar både driftsmessig og økonomisk, er rederiet i stadig utvikling. Viktige strategiske verdiar som entreprenørskap, nysgjerrigheit og fleksibilitet er sentrale i dette arbeidet. Med tida har slagordet «Sikkert og berekraftig» vakse fram – rederiet skal drive etter desse prinsippa og slik skape verdiar for alle interessentar.

Frå starten har rederiet fokusert sterkt på verdien av menneska i selskapet, og spesielt betydninga av godt leiarskap og kompetanse for å skape resultat. Tommy og leiinga elles har difor sterkt fokus å utvikle og utfordre godt leiarskap, samt handtere utfordringane med fjernledelse. Selskapet har mellom anna innført eit tilpassa leiarutviklingsprogram for både kontortilsette, og alle kapteinane i flåten, i nært samarbeid med Symbio. På denne måten har leiarkulturen og prinsippa, samt engasjementet i selskapet blitt forma, og forankra, noko Island Offshore vurderer som avgjerande for å skape gode resultat framover.

Pandemien har sterkt prega operasjonen det siste året, og forsterka behovet for å jobbe med kriseledelse og kommunikasjon. Dette inkluderer bruk av digitale verktøy og møteplassar der samhandling mellom land og sjø kan utviklast og kommunikasjon handterast. Den digitale utviklinga grip også inn i drifta på land og ute. Prosessar skal forenklast, papir fjernast, og store mengder data frå fartøya skal samlast inn og analyserast for å optimalisere drift og skape konkurransefortrinn. Drivstoff forbruk og utslepp er prioriterte område, men også vedlikehaldseffektivitet og samhandling er avgjerande. Framtida er digital også i Island Offshore – framtida er no.