Innleder – Guri Lillebø Sætre

Rekrutteringsarbeidet for maritim sektor

Guri Lillebø Sætre er i dag HR-sjef i Island Offshore Management AS. Ho har vore med heilt sidan starten i 2004; fyrste halvåret som administrasjonssekretær, og deretter som mannskapssjef i mange år. Den gong hadde rederiet eitt fartøy i drift med 35 tilsette, medan i dag er bildet eit heilt anna: 26 fartøy er i dagleg operasjon med 950 tilsette på sjø og land. Etterkvart som åra gjekk og flåten utvikla seg innan fleire segment og operasjonsområder, vart det også etablert eit mannskapskontor i Lisboa, Portugal, som i dag supplerer 200 av dei seglande i rederiet. I fjor tok Guri også over ansvaret for dei landtilsette i rederiet.

Island Offshore har gjennom mange år jobba aktivt med kulturbygging gjennom eit skreddarsydd leiarutviklingsprogram i samarbeid med Symbio Consulting. Alle kapteinar i rederiet har teke del i fleire samlingar der kvar og ein har fått personleg oppfølging, samt verktøy til å bruke i arbeidskvardagen om bord. Leiinga i Island Offshore har teke aktivt del i desse samlingane, og verdifull erfaringsutveksling og gode relasjonar har blitt utvikla her. På denne måten har rolleforventningar blitt avklart, og godt leiarskap blitt utvikla og forankra.

Med ein verdsomspennande pandemi kom også kansellerte fly, stengde landegrenser, karantener og testrutiner som skapte store vanskar for å få gjennomført månadlege mannskapskifter. Ein fekk heller ikkje besøke flåten som før, og nye rutiner måtte på plass. Plutseleg måtte ein finne nye møteplassar for samhandling mellom land og sjø, og fjernleiing vart ein realitet.