Innleder – Driftsdirektør André Høyset

Erfaringar med det grønne skifte om bord i Fjord1

Driftsdirektør André Høyset har lang erfaring i Fjord 1, og starta i selskapet i 1995. Han har i tillegg til Driftsdirektør og vore konstituert administrerande direktør i selskapet og har vore med på ei rekkje omstillingsprosessar.

Høyset har dei seinare åra vore med og leda Fjord 1 sitt grønne skifte. Han seier at Fjord 1 skal ta vare på klimaet, og at Fjord1 skal gjere det beste for å minimere karbonavtrykket med drift på fjordane. For å nå desse ambisjonane må dei ha dei beste verktøya for å planlegge, gjennomføre, måle og løpande forbetre energibruken og karbonavtrykket. Med sertifisering ISO 50001 vil alle tilsette i selskapet få energi og miljø på dagsorden i det daglege arbeidet. Dei kommande åra skal Fjord1 fortsette dette viktige arbeidet og sette i drift 36 elektriske ferjer. Innan utgangen av 2020 var allereie 30 av desse fartøya komne i drift.

Høyset vil gje oss eit innblikk i dei erfaringane som reiarlaget har fått – og korleis ein kan bruke desse erfaringane framover til nytte for mange.